Studentpriser til Lucas Höppler og Felix Matt

På fagmøtet «Hydrologisk forskning 2016»  27. april delte Hydrologirådet ut priser for beste studentpresentasjon og beste poster.

Pris for beste foredrag gikk til Lucas Höppler, Universitetet i Bergen og pris for beste poster gikk til Felix Matt, Universitetet i Oslo.

Her er begrunnelsen fra juryen som besto av Lena M. Tøfte (SINTEF), Wolf Marchand (SWECO) og Kjartan Orvedal (NVE):

1) Pris for beste foredrag gjekk til Lucas Höppler frå UiB for «Classification of Rain and Variable Z-R Method for Improved Flash-Flood Forecast». Foredraget handla om korleis ein kan forbetre metoden for å finne kvantitative nedbørverdiar frå nedbørsradar. Lucas gav ein svært oversiktleg og pedagogisk presentasjon om eit emne som kan vere tungt tilgjengeleg, og fekk godt fram viktigheita og samfunnsnytta av temaet gjennom ein fengande introduksjon.  Han la godt fram problemstillinga han har arbeidd med i masteroppgåva si, og var gjennom heile foredraget engasjert og utan manuskript. Han svarte også overbevisande og godt på alle spørsmål.

2) Pris for beste poster gjekk til Felix Matt frå UiO for «Can volcanic eruptions impact Norwegian catchments? The 2010 Eyjafjallajøkull case». Posteren presenterte arbeidet hans med å undersøke og kvantifisere effekten av vulkansk aske på snøsmelting, ved å bruke Statkraft sin Hydrologic Forecasting Toolbox (SHYFT) saman med ein ny snøalgoritme. Felix haldt ein god og informativ munnleg introduksjon til posteren sin i plenum. Posteren var ryddig og oversiktleg og gav god innsikt i tema og metode, og Felix svarte godt på spørsmåla han fekk.

Les mer om fagmøtet her.