Seminar «Hydrologi frå pol til trope», 26. april på NTNU

Opplev ei reise i Ånund Killingtveit sine fotefar på NTNU, Institutt for vassbygg 26. april.

Seminaret «Hydrologi frå pol til trope. Frå permafrost til snøen på Kilimanjaro. Frå vasskraft til vassmangel».

Ånund Killingtveit har sett djupe spor etter seg som professor i vassbygging ved NTNU. Han har gjort kraftverkshydrologi til eit eige omgrep og gjennom dette hatt stor innverknad på utviklinga av moderne vasskraftplanlegging, drift og ikkje minst miljøomsyn. Han fatta interesse for polar hydrologi og fekk i gang dette som eige fag på UNIS på Svalbard. Han har etablert tett samarbeid med institusjonar i Aust-Afrika og gjennom dette, master og diplom studentar gjort snøen på Kilimanjaro til noko meir enn ei bok av Hemingway. Dette og mykje meir vil vi få eit innblikk i på avslutningsseminaret til Ånund. enn ei bok av Hemingway. Dette og mykje meir vil vi få eit innblikk i på avslutningsseminaret til Ånund.

Se invitasjonen